Nytt bilde ferdig
- hildehanevik
- 21. feb. 2022
- 1 min lesing
Da er et nytt bilde ferdig: Ut i livet

Bildet er inspirert av et prosadikt mannen min, Arne Hanevik, har laget:
Festa tankar og kjensler på papiret. Flyta fritt i ei omskifteleg verd. I livsstraumen. Køyra dottera mi på fest. Snart 18 somrar. Vakker du er, seier eg til henne. Ho smilar, glad. I eit kvitt, lite skjørt. Open for dei som vi ho vondt. I jærnattå. Kvite syrinar og rosa rododendron. Ho tillitsfull og smilande i livsvåren.
Ser deg gå inn og koma ut igjen. Ventar, så blir du borte i leilegheitskomplekset. Eg trenger ikkje å venta lengre. Eg skjønar, du har det godt. Du har funne stammen din. Eg, ein glad og takknemleg far. Du har det godt, dotter. Eg kan trekkja meg unna. Sorgtunge tårer i augnekroken. Borte min eigen ungdom. Nye vårar kjem alltid. Tusen vårar.
Comments